Autisme · Barn · Foreldre

«Det ser ikkje ut som personen er så hardt ramma»

Det er merkeleg korleis vi menneske alltid set ting i bås, målar det oppimot kvarandre og dermed trekk ein konklusjon.

Ein konklusjon om at naboen har lagt på seg i ferien, eller undrar oss over at den og den har hatt råd til det og det kjøpet.

«Korleis har dei fått pengar til det?»

Vi undrar, vi diskutere og dissikere, og vi finn våre eigne løysinger og svar.

Akkurat dette gjere vi også med menneske med spesielle behov.

Vi «ser» dei.

Og når eg seier «ser» dei, så betyr det at vi ser etter alle skavankane, særeigenhetene, alle dei «rare og underlege» tinga, også sett vi dei i bås.

«Han er mildt ramma- utan tvil!»

«Ho der? Ho ser ganske så hardt ramma ut, stakkars menneske!»

«Han der seie du? DET er nok GARANTERT foreldrene, eg er sikker på at han der han feile det ikkje noko som helst, treng berre litt oppdraging!»

Kjenne du deg att?

Eg har som autismemamma på snart 12 året innsett at dette er ein av dei største utfordringane eg møte på min veg som pårørande.

Dømminga.

Synsinga.

Kategoriseringa.

Alle andres behov og tydelig rett til å bestemme over korleis dei meiner at mine sine gutar sitt funksjonsnivå skal kategoriserast som.

Kva dei tenker dei kan klare, eller ikkje klare.

Kor hardt «ramma» dei er av sin autismediagnose.

Mange gonger skulle eg ha holdt foredrag om ADHD`en sin innvirkning, om angsten sin lammelse eller om korleis det er å leve eit liv der du slit deg ut på å kontrollere eit liv ein ikkje sjølv forstår, ei verd som ikkje er tilpassa deg.

Men eg hadde skrike meg hås!

Men , kjære lesar, kven er det som set grensa for kva som er hardt ramma og ikkje?

Er ikkje det mennesket med autisme sjølv?

For oppfatninga om kva som er vanskeleg og ikkje kan eg og du eigentleg berre stikke fingaren opp i lufta og seie :

«Hmmm… kanskje er det det, eller kanskje ikkje ?»

For vi veit ikkje, vi kan ikkje vite, vi må enten bli fortalt det eller prøve oss fram.

Nokre mennesker med autisme lev livet sitt ilag med sin autisme, og klare å finne gode løysinger som passar dei, mens andre slit og strevar heile vegen.

Ingen ser kva som er innanfor dei 4 veggane.

Ingen der ute ser barnet med Asperger syndrom klappe i hop i fosterstilling i gangen etter at utgangsdøra er gått igjen og han er trygt heime frå skulen.

Skulen ser ein velfungerande gut, heim kjem eit margutslitt menneske.

Det er han som ikkje er så «hardt ramma»- sa du?

Å bruke ordet «hardt ramma» er i utgangspunktet provoserande, autisme er ikkje noko ein blir ramma av, det er ein født med, det veit eg meget godt, men eg bruke ordet for å provosere, fordi at eg vil det!

Eg vil at vi skal begynne å tenke oss litt om når vi kategorisk dømmer menneske med funksjonsnedsettelse etter diagnoser, framtreden og mestring der og då.

I staden for å sette oss ned og høyre, lytte, ta til oss det menneska som bære skoen på seier, og heller hjelpe litt til.

Tilrettelegging ,ikkje putesying, forståelse, ikkje fordømming.

Neste veke startar skulen, for mange startar den allereie i slutten av denne veka.

Mange kvir seg, også dei som ikkje ser verda frå ei anna side enn alle andre.

La oss hjelpe kverandre ilag, til å få gode kvardagar.

Vi kan begynne med å sjå mennesket, og kutte ut synsinga.

Det er lettare sagt enn gjort, eg veit, men ingenting hender om ein ikkje prøvar.

«Hardt ramma», eller ikkje «hardt ramma».

GOD NOK!

Different but not less <3

<3<3 Ragne Beate

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *