Autisme · Barn

«Mamma, eg har ein klump i magen»

Ein liten klump i magen
en er alltid der
Nokre gonger veks den
Blir stor, vond og nær
Den kjem når andre glede seg
Den vokse av det andre ser som normalt
Den ulme og brenn nede i magen
Men det er vanskeleg å gjere den fortalt
Endringar andre tek på sparket
Då får du vondt inni deg
Ei uhandterbar hardtslåande bølje
Som så sveipar deg, med seg
Drar deg ut på det ruskete havet
Du prøvar febrilskt å ro
Halde hovudet opp over vatnet
Kvar vil dette ende no?
Tilslutt spyttar havet deg attende
Du har overlevd nok ein gong
Klumpen i magen er litt mindre
Håpar den ikkje veks seg så stor neste gong
Tida som no er forran oss
Er ikkje den lettaste på jord
Gleda som andre vise
For deg, frustrasjon og rot
Verda skulle berre visst kor mykje du trene
På å forstå det andre forstår
For å finne innpass i det samfunnet du lev i
Samfunnet der dine reglar ikkje rår
Tidvis ER livet uhandterbart
Heldigvis er det også ofte fint
Klumpen i magen den føl deg
Som et parameter på livet ditt
Mamma prøvar så godt som ho klarar
Gje deg utfordring når du treng det
Passe på deg når livet blir vanskeleg
Balansen..ja, det var det…
Men, det vikigaste våpenet mot klumpar
Som i små magar bor
Er forståing, vilje og kunnskap
Til å skjøne at det er angsten som rår
Angsten, som ein del av autisme
Redselen for det ukjente som kjem
Tryggheita som oppstår ved kunnskap
Både for deg og for meg
Autisme er ikkje enkelt
Eg som mamma slit endå med å forstå
Gutane som ser livet frå ei anna side
Enn den eg klarar å sjå
Bekjemp klumpen med kunnskap og kjærleik
Tilrettelegging, forståing og ord
Ord som varmar i mørket
«Du er god nok som du er på denne jord»

Different, but not less<3


<3<3 Ragne Beate

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *