Autisme · Barn · Foreldre · Skole · Tilrettelegging

Kva er så gale med individuell spesialundervisning?

For nokre dagar sidan så las eg ein artikkel som var lagt ut på nett, og delt av mange.

Det omhandla ein ungdomskule i Trøndelag som omtrent ikkje lenger hadde elevar som vart tatt ut av klasserommet for å motta spesialundervisning.

Det heile var applaudert og hoia fram, og for all del ,misforstå meg rett, eg angrip ikkje skulen det gjeld, det er heilt fantastisk at dei har klart dette, om det funkar for dei.

Men, for meg som mamma, og for barna mine som nyttar seg av spesialundervisning i grunnskulen, så er det både sårt og trist at spesialundervisning blir framstilt som noko vi skal ha bort.

Noko som ikkje er bra, som er nedverdigande eller ikkje inkluderande i den norske skulen.

Eg vil nemleg fortelje ei heilt anna side, og eg har tenkt å bruke såpass store ord som dette:

«SPESIALUNDERVISNING HAR BERGA MINE GUTTARS SKULEGONG»

Om ein skjærer alle over ein kam, så kan eg skjøne at ein kan tru at spesialundervisning er noko dumt og «uinkluderande».

At barn skal bli tatt ut av klasserommet for å motta ei undervisning, type «walk of shame» ut av klasserommet mot det forhatte grupperommet der undervisninga skal skje.

Der den «dumme» skal lære, som ikkje klare å nytte seg av undervisinga som blir gitt i plenum.

Eg skjønne og at det utan tvil er eit pengespørsmål i kommunane,at desse spesialpedagogiske tiltaka kostar pengar, og at om ein slår ressursane i hop, eller klarar å halde barna i klasserommet, så er det mindre ressurskrevjande og ein kan bruke dei sparte ressursane andre plassar.

Ufin?

Nei, overhovud ikkje, det er jo slik det funkar.

Men tilbake til mi erfaring, vår erfaring.

Mine gutar er autistar, dei har ADHD og dei har også ein del andre tilleggsvanskar som ein må ta høgde for i ein undervisningssituasjon.

Dei treng å pushast, dei treng å strekkast for å yte, og dei treng mykje kviletid og individuell tilrettelegging for å få best mogeleg utbytte av skulekvardagen sin.

Dei blir slitne, treng kvile, og dei kan være mykje i ei klasse, ta mykje plass.

Fordi vi har fått tildelt noko så vakkert som spesialundervisning, saman med assistent ressurs, så klare mine gutar å gå i ei heilt vanleg klasse.

Klasse 5A.

Og dei er akkurat like tilhøyrande i klasse 5A som resten av klassa, SJØLV om ein del av deira undervising foregår på eit grupperom.

Dette handlar ikkje om manglande inkludering, dette handlar om individuell tilrettelegging, noko dei ansatte ved skulen mine gutar går på er knallgode til!

Fordi mine gutar har fått ressursen som kallast spesialundervisning, så har dei ansatte mogeleghet til å lese gutane, og skjerme eller pushe til rett tid.

Dette gir gutane ein god kvardag, men veit du kva, det gir faktisk klassa deira og ein god kvardag.

Fordi, det er ikkje bare bare å ha autisme, om nokon lure på det, og autismen kjem med ein del utfordringar som dei andre i klassa skal sleppe å ta del i.

I tillegg vert det og lagt til rette for ei såkalla omvent inkludering, der elever blir tatt med inn på grupperom med gutane, slik at dei også trener på samhandling og sosial interaksjon når dei er tatt ut av klassa, og eg syns det er ei fin greie, både for mine gutar og for eleven som er med.

Det skadar ikkje å lære at alle er forskjellige, det er faktisk populært å få være med på grupperom tru det eller ei.

Gutane skal ikkje stigmatiserast, og klassa skal få lov til å bli skjerma.

Dette er sanninga, det er nemleg ein grunn for at vi har det.

Spesialundervisning.

Eg skulle ynskje at det heller kunne heite «individuell tilpassingsressurs», kanskje det hadde hjelpt andre rundt til å skjøne at dette ikkje er ein dårleg ting!

Det er ikkje ein dårleg ting å tilrettelegge for utvikling der eleven er, på eleven sin heilt individuelle utviklingsstige.

Mange elevar klare dette heilt fint i klasserommet, dei nærar på det sosiale og klarar å fokusere.

Andre klarar det ikkje.

Ein annan ting er at det også rundt omkring i landet finnast spesial avdelingar og spesialskular for mennesker med spesielle behov, der all undervisning er spesialundervisning, og som har elevar som ikkje funke i klasserom i det heile. Men også desse har leikegrupper og nokre friminutt saman med born utan desse utfordringane for å trene på det sosiale, og får å få samhandling, og dette er viktige grep for god utvikling og framgong.

Og, også her brukar ein omvent inkludering i skulekvardagen.

Eg er for 2 lærer system, og styrket voksen tilstedeværelse i klasseromma rundt omkring i Norges land.

Men, la oss ikkje gå i den fella at vi skal «skjære alle over ein kam», og gløyme dei individuelle tilpassingane som trengs i ein skulekvardag.

Det er ikkje «walk of shame» å få undervising utanfor klasserommet, for mange mange elevar i dette landet er det livsviktig.

Det er nøkkelen til suksess!

Eg er mamma til to av desse, som har blomstra, som har lært, som har fått lov til å være sint, frustrert eller flappande glad, heilt trygge på eit grupperom.

Gutar som også har klart å dele mykje av seg sjølv i plenum, men som har hatt ein god del 1-1 undervising åleine.

Fordi det er rett.

La oss glede oss over god inkludering, men la ikkje tilrettelagt opplæring bli forveksla med stigmatisering eller segregering.

Då gjere vi ein stor feil!

Og då kan vinnarar bli taparar.

<3<3 Ragne Beate

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *