Autisme · Barn · Foreldre

Når livet skal levast,heilt ytterst på kanten til komfortsona

Siste åra her utrykket « du må komme deg ut av komfortsona» vore mykje omtala.

Om det er fordi vi nordmenn er blitt så bedageleg anlagt, at vi må ha noko slikt som pushar oss, det veit eg ikkje, men det er visst blitt viktigare og viktigare å komme i kontakt med sitt indre, utfordre seg fysisk og gjere saman med andre.

Komfortsona SKAL utfordrast , koste kva det koste vil!

Vel- eg vil ynskje deg velkommen til å prøve ein dag eller to i ei heilt anna verd.

Verda som garantert vil holde det heilt ytterst på kanten av komfortsona di heile vegen.

Du vil og bikke over, det kan eg garantere!

Du vil få adrenalinrush, kjenne på angst, du vil springe så langt vekk som du berre orkar, og du vil kjenne på ei utmatting som du aldri før har vore med på.

Og du vil få kjenne på makteslaushet.

«Dette klarar eg ikkje, dette orkar eg ikkje, no nektar eg meir!»

Problemet med denne komfortsona her er berre at du ikkje kan stoppe og hoppe av når du vil.

Du må berre henge på, for denne verda den spinn, den spinn tidvis så fort at du slit med å henge på, men heile vegen så jobbar du.

Taktisk, teknisk, fysisk og mentalt- framover og framover, utvide horisonten heile vegen, strekk komfortsona di litt lenger, står i litt større kampar, vinn, tapar, vinn igjen.

Og i dag fekk du bornet ditt på skulen! SEIER!

Komfortsona eg snakkar om, den som ein må ligge å balansere på heile vegen, den utfordre deg som menneske.

Den lar deg gå på akkord med di eiga oppdraging, haldningar du har lært heime, tradisjonar du så gjerne ville vidareføre, 5 om dagen og minst 2 frukt.

Hopp og drit i det!- innser du kjapt!

Dette funkar ikkje!

Men det går ei stund før du innser det, før du lar deg sjølv få lov til å innsjå det, når verda har dømt deg lenge nok til at du til slutt gir blanke faen og hyle:

«VI MÅ HA DET SÅNN-FERDIG»

Ingen seie du skal elske det, ingen seie du ikkje skal få lov til å bli lei deg over det, ingen skal få lov til å fortelje deg at du ikkje har lov til å kjenne på at dette ikkje er greit.

Di komfortsone, som heile vegen må strekkast for ei tilrettelegging, strukturering og hinsides kjærleik til bornet som ingen andre skjønar alltid- enn du…

Eller, skjønar …

Er vel ikkje alltid du sjølv skjønar så mykje heller, men du står der, du strekk deg, for du vil det beste for ditt barn!

Så deise mann inn i komfortsona og tar seg ei pause, livet smilar, steg på barna sin heilt individuelle utviklingstige blir gjort, og du er så stolt!

Stolt over knappen som blir knappa åleine, over diskusjonen som de begge kunne gå i fra utan frustrasjonsutbrudd, om samtalen de hadde som var avslutta med: «Glad i deg mamma»

Då er det så verdt det!

Alt rushet, alt stresset, alt slit der heilt ytterst i komfortsona, som ingen andre ser, fordi dei ikkje skjønar eit annerleis liv, i ei annerleis verd.

Eg skulle nok sikkert begynt med for eksempel yoga, så anspent som eg tidvis er, men når hovudet då ville vore opptatt med kva eg skulle ha til middag, eller at eg ikkje skal sleppe ein durabeleg fjert midt i tredje aoooom, så trur eg nok ikkje det vil få meg i nokon verken zen eller san modus i komfortsona.

Men 30 min stillhet før leggetid og ein «hjernedau» serie på Netflix gjør det.

All anna stillhet ellers får jo fruen til å reise bust og sette seg i «fight og flight» modus, får då er jo noko riv ruskande gale!

Ein kan ikkje samanlikne liv, ein kan ikkje samanlikne komfortsoner, og ein kan ikkje strekke seg lenger enn eit eige liv tillet.

Til dykk som lev livet heilt ytterst i komforsona kvar einaste dag.

Vere stolt!

Vere stolt av den jobben de gjere, ingen andre kan gjere den slik som de gjør.

Finn måtar å slappe av på som de kan nyttegjere dykk av, og skru av «støyradaren» for alt som er «forventa» i eit samfunn der det meste blir styr av innspel fra sosiale mediar.

«Take a walk in my shoes before you jugde»- sa eit minne frå Facebook med i førre veke.

WORD seie berre eg!

<3<3 Ragne Beate


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *