April · Autisme · Barn · Foreldre · Glede · Takknemlig

Å vere lukkeleg for dei små ting


«Korleis taklar du det?»

Det har eg hørt mange gonger dei siste 11 åra.

Eg har aldri hatt eit godt svar.

Nokre gonger har eg som sant svart at ein har ikkje så fordømrande mykje val, livet er her og no, det lev, det pulserar, og det bølgar.

Ofte kan bølgedalane vere like heftige som i ein orkan, og andre gonger så svingar pendelen sakte fram og tilbake.

Det er då ein går på tå hev.

Pustar sakte, ventar, tråkke små skritt.

Vil ikkje øydelegge stemninga, no når alt verkar så greitt, for du veit betre enn alle dei andre, at dette- dette må du ta vare på- for du anar ikkje når det snur!

Ein skarp lyd, eit feilskjær- gaboom!

Andre gonger når spørsmålet kjem, så er du kanskje litt småhissig i utgangspunktet, ber hjartet litt utanpå, kjenne på maktesløshet, eller ein irriterande følelse av håpløshet som sett seg i margen på deg.

Du er sliten.

Også spør folk deg kor du takle det?

Du har lyst å hyle ut til heile verda at du gjere jo ikkje det, du vil jo ikkje det her, det var ikkje dette livet du signerte på den dagen du skulle bli forelder.

Livet du hadde sett for deg som alle fortalte at skulle bli travelt, småbarnstida, søvnløshet, lite tid til trening, «lite tid tid deg- no mee time», men det skulle jo liksom gå over.

Ye right!

« Eg gjere så godt eg kan»- er svaret du klare å kvekke uttav deg.

«Eg gjere så godt eg kan»

Fordi vi elskar våre barn, vi elskar dei så inderleg!

I dag, godt over 11 år etter at eg fekk mine fantastiske gutar, så kan eg gje eit anna svar på kvifor eg taklar det.

11 år med autisme i heimen har lært meg noko.

«Korleis taklar du det?»

Eg har lært meg å glede meg over dei små ting.

Eg kan ikkje skryte på meg at eg minnar meg på små fremsteg når det stormar som verst, eller at eg er den evige optimisten, som etter ei kaule med styr seier til megsjølv : «Det var verre den andre dagen gitt»

Men, eg har lært meg til å glede meg over små framsteg, som for andre er sjølvsagte, men som for autismeforeldre er OL gull gange 10!

Små ting som når buksa kjem på om morgonen, utan at man må hjelpe, at den eine ventar i tur på at den andre skal bli ferdig.

Turtaking, dette som ein lærer i barnehagen, å vente på sin tur, så jækla enkelt for det nevrotypiske barnet, men som kan vere så hinsides vanskeleg for eit barn med autisme.

Eg har lært meg å glede meg, eller glede, eg vil heller seie hinsides lykke over dei tinga som gutane mine er skikkelig god i!

Som teikning, 2 verdskrig historie, oppbygging av tanks, og kerbal spaceprogram.

Kva desse gutane klarar!

Herlighet!

Nei, dei er møkk elendig på sosial interaksjon, så lenge det ikkje er dei sjølv imellom, men fy søren kor mykje dei får med seg alikevell!

Av ting som nok ikkje interesserer almennheita nødvendigvis, men som gir glede.

Glede for oss.

Relasjon mellom mamma og gutta boys, samtaler, enspora, men alikevell så er det kommunikasjon.

Ein viktig kommunikasjon.

Mange tenker jo på at ein slik monolog av særinteresser ikkje er kommunikasjon, eller samtale, men søren heller, det kjem no vel heilt ann på mottaker?

Gir det ikkje glede for barnet å få fortelje om sine interesser?

Kan man ikkje få ein god samtale rundt oppbygging av tanks?

Jo, man kan det, man bygge relasjon.

Det håpe eg de tenker på, de som jobbar med barn som mine sine, eller som på vegen møter barn som er utanfor boksen.

Relasjon bygges ofte av dei små ting.

Eg har lært meg å elske små steg, ubetydelige endringar, og kvardags framskritt.

Og eg feire dei som gull kvar ein einaste gong!

Fordi desse små skritta tar oss ein veg.. framover!

Så går vi to skritt fram, og kanskje ti tilbake, vi må blø litt frå hjartet, vi må føle oss som vridde vaskefiller, og vi må innimellom få hate autismen, men aldri barnet.

Og når du lysglimtet kjem , så hugsar du kvifor du taklar det, kvifor du tar dei vala som du tar, kvifor du er den du er og der du er.

Lysglimtet som redda verda-akkurat då.

Du er god nok.

<3 Ragne Beate

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *