Autisme · Barn · Foreldre · Tilrettelegging · Trening

«Den store rosa elefanten i rommet»

«Det går seg til dette» tenkjer du, mens det rasar rundt deg.

Tårer, sinne, frustrasjon, ditt vakraste, ditt finaste, ditt alt, heilt i oppløysing.

Du på di side svel kamelar, snur på prinsippa, tilslutt så desperat etter svar, etter ei løysing på kvifor vi havna her?

«Kvifor reagerar du slik?»

Det kan ikkje berre vere at skoa ikkje vart satt rett i gangen, og at mamma bad deg fint om å henge jakka på knaggen.

Er det nok til å verte SÅ fortvila?

Sinnet er ikkje det vanskeligaste å takle, det er liksom handfast der det materaliserar seg igjennom rommet.

Ropa, tårene, kroppspråket som seier så mykje , men samstundes så frykteleg lite.

Det er akkurat det- dette som seier så lite.. den store rosa elefanten i rommet som alltid er der, som durar rundt som ein bulldosar og rote til system etter system, men som ein aldri får taket på, som ein ikkje kan snakke om, for ein finn sjeldan ut kva ord man skal bruke om den store rosa elefanten.

«Kvifor?

«Kvifor reagerer du slik lisje ven?»

Eg lurar ofte på kor mykje tid som går med saman med den unevnelege rosa elefanten i rommet, for å prøve å gje han eit namn.

«I dag vil eg kalle deg STRESS», andre gonger kanskje «Sove ALTFOR lite», eller kanskje du skal få navnet «VEIT IKKJE»

«Møt den store rosa elefanten «VEIT IKKJE», han har nett flytta inn hjå oss han!

Den store rosa elefanten har mange misjonar, den føl også foreldra på sin veg .

Der veit eg namnet, den store rosa elefanten i rommet heiter « er du god nok?!?»

Den fyljer deg som vaksen, den er der heile vegen, heile tida, i ein kvar setting.

Du føle den ser deg, omsluttar deg, stille deg dette enkle, men så ufatteleg vonde spørsmål: «Er dette godt nok?» , « Er du god nok?» «Seriøst, tenker du at dette er bra nok i dag?»

Den susar inn ilag med deg i sosiale settingar, der du prøver å forklare korleis du har det, du møter «eg skjønar».

Du veit at ingen skjønar, ingen kan forstå det du står i, korleis i helsikke skal alle andre forstå når du sjølv slit med å skjøne kvifor det blir sånn?

«Hahahahahah- kneggar den store rosa elefanten- told u so- du er ikkje god nok!»

Du møtar hjelpe apparatet, skal skrive søknadar, prøve å finne rett hjelp i ein jungel av «nei» , «avslag» «seriøst, tenke du liksom at du kvalifiserer til det?».

Mammahjertet blør, og du sit der og tenkjer:

«Kor mykje kan eg fortelje?»

For den store rosa elefanten dundrer gjennom rommet og riv ned den siste biten du har av sjølvtillit, der han brøle i mot deg med den hese stemma si:

«Pass deg no, dei trur sikkert du ikkje taklar det her, tenk om dei koblar inn instansar som du ikkje vil, det unevnelege veit du, barnevernet, du er jo ikkje god nok!»

Frykt.

Frykt for ikkje klare å leve opp til standarden som du trur alle andre set rundt deg, krava du set til degsjølv, og «forståinga» alle andre meiner dei har , men som du veit dei ikkje har alikevell, fordi INGEN kan forstå eit liv med autismetrollet i heimen når man ikkje har opplev det sjølv!

Ingen!

Ikkje før du møte din eigen jævla store rosa elefant!!

Eller møter bornet ditt sin.

Den store rosa elefanten i rommet er autisme.

Den kan også vere angst, tvang, adhd, tourette, søvnvanske eller sansevarhet, fordi det følgje autisme, og kan lage like mykje krøll, tilleggsvanskar gjere det.

Den store rosa elefanten er alt vi ikkje ser, men som prege born  med autisme i meir eller mindre grad, og det er samvitet, fortvilinga og kjærligheita til dei pårørande rundt omkring som gjere alt, ALT, for å få ein kvardag til å gå i hop.

For å tvinge den store rosa elefanten i kne, må det ein betydeleg innsats inn.

Ein må få rett hjelp, på rett plass til rett tid.

Ein må innsjå at ein ikkje vil kunne klare å skjøne alt, at noko berre er slik, og at ein lære mens man går.

Ein må og innsjå at livet før og livet etter autisme ikkje nokon gong vil foreinast, men at magi også kan skje i hand med autisme, om ein berre klarar å sjå det slik.

Og sist men ikkje minst.

«Du er god nok»

Du er god nok når tårene dine renn i fortviling og frustrasjon, du er god nok når du bite deg på innsida av lippene for å ikkje le over bornet ditt sitt heilt ufattelig artige påfunn, som dei sjølve tar med det største alvor.

Du er god nok når du aller mest har lyst å karnøfle halve verden og slå eit eller anna veldig hardt!

Og du e god nok når hjartet ditt er i ferd med å renne over av ein kjærleik som er vanskeleg å beskrive, men som ein får for desse fugleborna som treng det lisje ekstra, eller det altoppslukande ekstra.

Sommerfuglane våre <3

Du står i det, du ER- det er godt nok <3

DU ER GOD NOK!


<3<3 Ragne Beate

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *