Autisme · Barn · Ferie · Foreldre · Glede · Høytider · Jul · Stress · Søvn

Når normaliteten møter autisme

-Ein annerleis julefortelling

Alle born i dette landet endrar seg i desse juletider, og eg trur at det er ein ting både foreldre til annerleis born og foreldre til vanlege born (om det finnast) kan vere einige i.

«Det kan bli for mykje av det gode»- innimellom.

Spenninga kan ta vekk nattesøvn dei siste dagane, ventinga på julekvelden kan gi raseritårer og frustrasjon, og gnålet etter når pakkane skal pakkast opp kan få ein kvar mamma og pappa til å ville fylle øyrene med silikon!

Slik kan born med autisme ha det kvar dag, 365 dagar i året, har du nokon gong tenkt på det?

Nei, dei opplev ikkje julestress kvar dag, men dei opplev stress, spenning, misforståing, og for dei med språk så opplev foreldre «gnål», fordi behovet for å kunne klare å ha kontroll på sin eigen kvardag står så sterkt hos mange av desse.

Angst kjem av ein grunn og er overrepresentert i denne gruppa.

Det er ikkje rart.

Difor blir jula ekstra vanskeleg.

Stresset blir skyhøgt, fordi alle dei haldepunkta som ein til vanleg sjonglerer med og kanskje allereie synest er vanskeleg, men som man med rett tilrettelegging får til, blir borte.

Plutseleg skal man lage donissar i mattetimen, har du hørt noko så hårreisande?

Kva i alle dager har ein donisse i geometri å gjere?

Alle borna jubler, og bruker gradeskivene sine til fresbee.. Bornet med autisme prøvar febrilskt å skjøne kva som skjer, kvifor det skjer, og kvifor alle andre er så glade når det ikkje gjekk etter planen?!?

Det skal øvast til kirkekoret, glade born som syng, foruten om bornet som held seg for øyra, eller stappar sokkane sine inni bosane for å hjelpe på lyden slik at den ikkje trenger inn.

Dei vaksne endrar seg og, dei er meir fråverande, det blir vaska med vaskemiddel som ein kanskje ikkje brukar til vanleg, plutseleg er gardinene blitt raude, og toneleiet høgare i det mor i huset i frustrasjon knurrar ut:

«Du har berre å fikse Gilderibba! Det vert ikkje jul utan!»

Og søvnen blir også dårligare i jula,slik som hos de andre barna som glede seg fryktelig til jul, forskjellen er vel at hos annerleis barna er søvnen for mange generelt dårligare enn hos vanlige nevrotypiske barn, slik at når det blir endå meir rot i både innsovning og oppvåkning, så blir ting vanskeleg for alle partar.

I natt vart eg vekt av ein svært bekymra gut i 4 tida om morgonen, som lurte på om det kanskje ikkje var på tide at vi kunne støvsuge datamaskina hans fri for støv.

Vi kunne jo ikkje risikere at den gjekk adunas i jula, kva skulle vi liksom gjere på då?

Bekymring, mykje bekymring, og eit ihuga behov for å halde kontrollen.

No er det enn slik at livet er ikkje bygd opp rundt mennesker med autismeutfordringar eller andre som også slit med endringar utan at det treng å heite autisme.

Og klasse 4B, 3A eller 8C skal sjølvsagt få lov til å synge julesangar, lage donissar i Geometri timen og glede seg til jul.

Det eg ber om er ein forståelse for at det ikkje alltid er mogeleg for annerleisbornet å delta.

Og at inkludering i desse tider ikkje nødvendigvis er å trumpe igjennom «julegleder» som ikkje blir anna enn frustrasjon.

Ein annan ting er å respektere foreldre sine val når dei takkar nei til juleselskap, eller andre sosiale eventer som dei eigentleg heilt sikkert skulle ynskje dei kunne vere med på, men som dei veit kjem til å lage eit minihelvete av ein anna verd med avkommet, og ein vel og skjerme.

Det handlar nemlig ikkje om deg.

Det er ikkje deg- inviterer– det er noko galt med.

Men, vi kan ikkje «bare», vi kan ikkje «strekke oss», vi kan ikkje «halde tradisjonar»- fordi du så gjerne ynskjer det.

Vi treng å overleve det vi held på med sjølve.

Vi treng å ta vare på bornet, gje det ei så fin høgtid som ein kan.

For det er det det handlar om, på lik linje med at ein oppmodar til ei jul med moderert alkoholbruk.

Eg ber om forståelsen for at mange born med autisme treng ro.

Det må respekterast.

Eg må og legge til at det finnast born med autisme som elskar jul <3

Venninna mi sin son pyntar rommet sitt i september

For desse foreldra er det eit omvendt problem med ei jul som aldri vert ferdig.

Kva skjedde med den gyldne middelveg liksom ? <3

Ein annerledes julefortelling går mot slutten, eg vil ynskje de alle ei riktig god jul, gjør det på den måten som de vil, og ikkje alle andre.

Finn stolthet i at de dykk gjere er riktig for borna de har, og kva naboen gjere for sine får vere deira val.

Prøv å finn lyspunkt i annerledesheten også når de einaste de ynskjer er at alt skal vere normalt sånn som alle andre.

Og ikkje vere flau over at sorg og sinne kan komme, det er heilt normalt.

Ein blir tøffare, smartare og meir løysingsorientert etter kvart som tida går, men ein vil nok alltid bere hjartet sitt utanpå <3

Ein ba aldri autismen om å banke på døra, ein inviterte den heller ikkje inn, lot den aldri få bustad frivillig, men når den fyrst skulle komme, så får ein gjere det beste uttav det.

YOUR WAY IS THE HIGHWAY <3

God jul <3

<3<3 Ragne Beate


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *