Autisme · Barn · Foreldre · Glede · Takknemlig · Tilrettelegging · Trening

Du ser, du lyttar og forstår <3

Eg har i dag skrive eit dikt, eit dikt om mine fordommar, om å tru at borna ikkje får med seg ting, fordi dei ikkje har språk, har manglande språk, eller har fullverdig språk, men «vel» å ikkje svare.

Kor mystisk denne autismeverda er, kor uforutsigbar den er for meg som forelder, men kor ufattelig facinerande og overaskande den og kan vere når eg innser at eg har tatt fullstendig feil!

For sjølv om blikket ditt vender innover, henda dine flappar, og det ut av munnen din kjem trillande tonar får ein song du fant på youtube, så ser du, du lyttar og du forstår <3

Eg skal prøve å huske det lisje ven <3

«Du ser, du lyttar og du forstår»

Utan språk, men med berre lydar
Du var lenge der
Eg kava og herja og styra
Ville så gjerne at du skulle vere her.

Her med meg, med pappa og med broren
Eksistere i vårt univers
Ikkje gjøymd bak fakter og manerismar
Ikkje tilstades, nei, livet var delt på tvers.

Kva du fekk med deg det ana vi ikkje
Ingen blikk ville løftast frå deg
Vi satt med gaffelen høgt oppi lufta
For å øve på at du skulle sjå ein annan veg.

Vi herja vi kava og vi jobba
Barnehagen, eg, men aller mest du
Terpa, trente og sleit så borti hampen
Men vi måtte, vi kunne ikkje snu!

EIBI var redninga for broren
Den vart til slutt også redninga for deg
Sakte, men sikkert så kom endeleg orda
Du kunne endeleg svare for deg.

Ein fåmelt kar er du endå
Du seier ikkje så veldig mange ord
Sjølv om du kan alle saman
Synge er heller ditt bord.

Du nynnar og trallar heile tida
Syng engelsk og norsk, utan feil
Vi ser du kosar deg når du held på
Du er trygg, du styre ditt seil.

Men så skjer det, det som er heilt utruleg
Plutseleg så fortel du ting
Ting som skjedde for mange år sida
I tida då du ikkje hadde ord i din ring.

Du fortel historiar om ting som har skjedd
Og det her heilt ufatteleg korrekt
Heilt ned til jakka mamma hadde på seg
Og kor eg lukta, kva parfyme eg hadde brukt.

Du har fått med deg rubbel og rake
Du har oppfatta og tatt inn
Du har vore der med i situasjonen
Sjølv om vi trudde du vart borte i ditt sinn.

Så kjære lesar, ta med deg på vegen
Neste gong du ikkje får svar
Du anar IKKJE kva bornet som sit der
Får med seg, tar inn, der og da..

Vi må aldri undervurdere desse barna
Som ser verda litt annerleis enn oss
Språk, fåmælt eller stille
Dei får med seg mykje meir enn oss!

Dei ser detaljar du ikkje klarar å ta inn
Analyserar, annerleis ,men korrekt
Og dei sluttar aldri å imponere
Eg bøye meg i undring, imponert og i respekt

Annerleis betyr ikkje dumhet
Ei heller betyr det å vere lat
Når ein ikkje svarar på spørsmål
«Om ein vil ha skive med eller utan tomat»

Det handlar om å evne å svare
Om å vere trygg nok akkurat der og da
Og det handlar om eit uforklart mysterium
Som autisme utan tvil har

Eg lærte ei lekse i dag som Ragne
Som mamma til mine flotte 3
Dei får med seg det meste på vegen
Eg må berre lære meg å hugse på det!
<3 Ragne Beate

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *