Autisme · Barn · Foreldre · Takknemlig

Man blir ikkje løvemamma over natta!

I dag er jeg så heldig å kunne legge ut denne knallteksten av toppblogger i autismeverdenen, Ragne Beate <3 Føler meg svært beæret over at hun ville være gjesteblogger her hos meg i dag <3

 

Man blir ikkje løvemamma over natta!

 

Kva er ei «løvemamma», eller «tigermamma»?

Definisjonen på desse to «titlane» er mødre som står på og kjempar for avkomma sine.

Vi tileigne dei eigenskapar som god muntleg og skriftleg framstilling, med ei skarp tunge som tilleggs eigenskap.

Vidare er dei gode til å stå på barrikadane, dei organiserer seg i diverse forum, og dei skrik høgt og lenge for det dei trur på.

Ja, det er vanskeleg å temme ei slik mamma.

Ho nyttar nemlig ein kvar mogeleghet til å få fram sitt syn, for sitt born eller borna.

Mange av desse mødrene har ein eller fleire avkom med utfordringar.

Og, mange undrar seg stille over korleis desse mødrene klarar å stå i det dei står i, korleis held dei hovudet over vatnet?

Treng vi lover og reglar når desse «tidvis frenetiske kvinnene» uansett klarar å kjempe fram løysingar for sine born?

Svaret er eit rungande JA!

For ein blir ikkje løvemamma over natta!

Det er ikkje slik at når ein får diagnose eller namn på utfordringa til bornet sitt neste dag reiser seg frå askene som ein fugl Fønix og flyg til skyane skrikande på paragrafar og rettigheiter.

Mange familiar når aldri dit.

For meg er alle familiar med born med spesielle behov superfamiliar med superheltar i, men det er kun eit fåtall som blir sett på som «Løveforeldre» eller «Tigerforeldre».

For dei orkar ikkje.

Dei maktar ikkje.

Dei fekk ikkje plutseleg  pennen i gåve over natta, eller orda som må til for å formulere ei god klage.

Ei heller funkar hjerna noko særleg betre etter alle desse nettene utan søvn.

Dei kjem som zoombiar på møter, og går derifrå med klumpen i halsen, og tårene sprengande i augene og tenkjer:

«Nei, vi kan vel ikkje få hjelp til det då»- når dei eigentleg er i sin fulle rett til å skrive årets heitaste klage på forsvarleg omsorg!

Dei går heim og kryp i fosterstilling og ladar fram til dei skal hente i barnehagen-og veit kva som ventar.

Mennesker som held ut det tidvis uutholdelege, utan tvil løveforeldre…

Men ikkje slik samfunnet ser på det.

Det er derfor der er så viktig at vi har gode rettigheter i dette landet, at vi har saksbehandlarar som har evner til å tilpasse hjelpa til den ENKELTE sitt hjelpebehov, og at vi ikkje lagar diagnoseboksar, men heller ser menneske.

Gode løysingar for pleiepengar, rettighetar til BPA, lovfesta rett til spesialundervisning, tilrettelagte arbeidsplassar mm..

Vi må jobbe for å fange opp og hjelpe, også dei ikkje ikkje maktar å brøle høgast, for dei treng det vel så mykje som foreldra som skrik frå det høgaste fjellet!

Heldigvis har vi løvemødre og løvefedre som orkar å bråke, misforstå meg rett, eg er vel per def ein slik ein sjølv.

Men det skal strengt tatt ikkje vere nødvendig.

Funker systemet, så skal man kunne få hjelp utan å måtte sette seg inn i den store norske raude boka.

Kan vi nå dit?

 

<3<3 Ragne Beate

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *